
I Husnes Båtlag er det over 200 faste båtplasser. I tillegg er det i overkant av 600 meter med gjesteplassar.
Klubbhus med toalett, dusj, vaskemaskin og tørketrommel er til disposisjon for våre gjester. Servicebygget vårt inneheld fire dusjer, tre ordinært toalett og eit toalett tilrettelagt for bevegelseshemma. Samt vaskerom med to vaskemaskiner og to tørketromler. Vi har heis på kaien, om nokon av våre gjester skal behøve hjelp til å koma seg ombord eller på land. Det er laga feste til denne to stadar i havna, slik at den kan flyttast.
Lunt og fint område med grillplass er tilrettelagt. I tillegg er det to grillhytter. Danseplatting er bygd opp og står til disposisjon for dei som vil ta seg en svingom i sommernatta. Det fins òg tennis-, volleyball-, og fotballbane. Vi har òg laga til sjakk i storformat, for dei som liker å ta eit slag. Skulle nokon ønske å kaste hestesko eller spela kubb, kan man få låna dette også.
Kvinnherad Golfklubb ligg like ovanfor båthavna, så dersom det skulle finnast golf-entusiastar blant båtfolket, kan dei ta turen til Husnes Båthavn. Her trivs dei fleste.
HUSNES er Kvinnherad kommunes største tettstad. Her ligg Sunnhordlands største handle senter. Du finn det meste du skulle trenge her i over 50 butikkar, helsesenter, fleire restaurantar, idrettsanlegg, og offentlege kontor.
Husnes sentrum ligg idyllisk til ved Opsangervatnet. Husnes er bygd opp rundt Sør-Norge Aluminium som er hjørnesteinsbedrifta i Kvinnherad.