Husnes Båthavn Husnes Båtlag Bilder Kontakt oss Linker e-mail me

Handikapp Heis

No er handikappheisen komen på plass. Det er laga til sokkel til den på to stadar i havna slik at den kan flyttast. Dette er eit kjempe tilbod til dei som er rørslehemma og treng hjelp til å koma seg ombord i båten og på land. I tillegg er det med på å gjera havna meir tilrettelagt for rørslehemma, frå før av har me handikapp toalett. Heisen er eit tilbod til alle som treng det, den er enkel å bruka. Når havnevertane er til stades, vil dei hjelpa til om det trengs.

Heisen kostar 60.000 kroner, og det er fortsatt mogeleg, for den som vil, å gi eit bidrag til innkjøpet av den. Til no har Torghuset, Husnes Eigedom, Expert, Prosjektkonsult, Rema 1000 og Klubbavikjo gitt tillskot til heisen.

Foto: Agnar Melkersen  Foto: Agnar Melkersen  Foto: Agnar Melkersen  (Linda 10:58:58 1. september 2007 )