Husnes Båthavn Husnes Båtlag Bilder Kontakt oss Linker e-mail me


   
Årets gjestehavn 2009


...og vinneren blei!

Mange møtte opp og vart med på feiringa. Hamnesjef Einar Oppedal held tale, etterpå vart det servert kake, kaffe, brus og champagne.

Kvinnheringen
Husnesnett.no
Innsida.no
   
   
   
   

 
St.Hans 2009

Mykje folk samla seg i hamna i år òg. Men sjølv om været var flott , vart vinden for drøy. Så heller ikkje i år vart bålet tend den kvelden det skulle. Men store og små såg ut til å kosa seg med grilling og andre aktiviteter. Det var òg mogeleg å kjøpa seg rømmegraut og spekemat, pølse, brus, is, vaffler og kaffe i klubbhuset.

 Bålet som ikkje vart tend denne kvelden  Strandvolleyball er ein populær aktivitet
 Mange ville sikre seg rømmegraut og spekemat, og anna godt frå kiosken  
   
 Nokre få syns ikkje det var for kaldt i sjøen heller...  

 
Aktivitetsdag i havna

SØRAL hadde den 10. juni aktivitets dag i båthavna, det er ei populær hending som mange vil ha med seg. Her kunne dei som ynskte det vera med på mange forskjelige aktivitetar. Det var elektriske bilar, kanopadling, havrafting, tennis, fotball, innebandy, sportsdykking, sportsfisking, dans og volleyball. Røde Kors hadde òg ein stand, der ein bl.a. kunne få lære hjerte og lunge redning.Svoltne skulle ingen vera, for her kunne man kjøpe både pølse, vaffler og brus. I tillegg til at det vart steik fjellaure, som det var gratis å smake på.

   
   
   
   

 
4. juni

Ikkje noko kjekk start på sensongen! Når uhellet er ute er det godt å via at hjelpa aldri er langt unna. Denne uheldige båteigaren frå Osterøy fekk seg ein lengre pinsetur enn ønska. Her blir han henta av redningsskøyta og slept til Rubbestadneset.

   
   
   

 
Pinsen 2009

Strålande pinse i Husnes Båthavn!!

Nydeleg vær, glade mennesker, blankpolerte båtar, grilling og yrande liv.

 
 
 
 
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 
12. mai 2009

Nye gjestebrygger

 

Endeleg ved målet etter langt slep frå Etne.

         

Her kjem brygge nummer to til havna. til saman 130 meter brygge.

 

Laaaaaangt til land.......

 
05.05.09

19 - 21. juni går Dronningfjord Festivalen av stabelen i Søralparken ved havna.

 
Handikapp Heis

No er handikappheisen komen på plass. Det er laga til sokkel til den på to stadar i havna slik at den kan flyttast. Dette er eit kjempe tilbod til dei som er rørslehemma og treng hjelp til å koma seg ombord i båten og på land. I tillegg er det med på å gjera havna meir tilrettelagt for rørslehemma, frå før av har me handikapp toalett. Heisen er eit tilbod til alle som treng det, den er enkel å bruka. Når havnevertane er til stades, vil dei hjelpa til om det trengs.

Heisen kostar 60.000 kroner, og det er fortsatt mogeleg, for den som vil, å gi eit bidrag til innkjøpet av den. Til no har Torghuset, Husnes Eigedom, Expert, Prosjektkonsult, Rema 1000 og Klubbavikjo gitt tillskot til heisen.

Foto: Agnar Melkersen  Foto: Agnar Melkersen  Foto: Agnar Melkersen  (Linda 10:58:58 1. september 2007 )